top of page

Bidra?

Ønsker du å bidra i ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd? Då vil vi høyre frå deg!

Vil du vere frivillig?

Vi treng alltid fleire frivillige i ungdomsarbeidet!

Som frivillig får du vere med på å skape trygge og gode møteplassar for ungdom. Oppgåvene blir tilpassa dine interesser og ønskje, og kan til dømes vere å hjelpe til på arrangement, vere vakt, bidra med aktivitetar, lage mat eller berre vere ein trygg vaksen i fellesskapet.

Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du ønskjer å bidra.

Som frivillig får du:
• Vere med på å gjere ein forskjell for ungdom
• Bli del av eit kjekt fellesskap
• Oppgåver tilpassa dine interesser
• Gratis kaffi 

Ta kontakt med Martin Bakke Slåttsveen om du vil bidra!

E-post: mb369@kyrkja.no

Tlf: 976 66 456

Vil du støtte ungdomsarbeidet i Arna?

Ungdomsarbeidet i Arna er i vekst. Dei siste åra har ungdom sjølve vore med på å bygge opp eit aktivt og inkluderande fellesskap gjennom UngTru, KRIK, leirar, undervisning, filmkveldar og andre aktivitetar.

For å kunne vidareutvikle arbeidet ønskjer vi å styrkje satsinga på ungdom. Som fast givar er du med på å skape trygge møteplassar der ungdom kan finne fellesskap, bygge relasjonar og utforske tru og livsspørsmål.

Gåvene dine bidreg mellom anna til:
• Innkjøp av utstyr og aktivitetar
• Matservering på samlingar
• Leirar og turar
• Drift og utvikling av ungdomsrommet
• Støtte til ungdom som treng økonomisk hjelp for å delta
• Vidare utvikling av ungdomsarbeidet i Arna

Kvar gåve, stor eller lita, er med på å gjere ein forskjell. Saman kan vi investere i ungdom og skape eit levande ungdomsarbeid for framtida.

Vil du vere med på laget?


Trykk her for å bidra økonomisk

Untitled design.png
FC08A954-B43F-437D-B166-E5576135BD4C.png

© 2026 / UngTru / Arna sokn

​​

  • TikTok
  • Facebook
  • Instagram
bottom of page