top of page

Om oss

UngTru er ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd og held til i kyrkjelydshuset.

Arbeidet blir drive av ein ungdomsarbeidar, saman med andre tilsette i kyrkjelyden og frivillige ungdommar og vaksne.

Vi jobbar for å skape gode, trygge og inkluderande møteplassar for ungdom i Arna, frå 8. klasse til 20 år. Hos oss skal det vere låg terskel for å bli med, og rom for å vere seg sjølv.

Visjonen vår er «Made For More»

Bidra?

Ynskjer du å vere frivillig og bidra i ungdomsarbeidet? Vi treng alltid fleire med på laget!

Kanskje du har lyst til å vere med ein laurdagskveld på ungdomsklubben? Du får møte mange kjekke ungdommar, gratis kaffi og vere med på å skape gode og trygge opplevingar for ungdom i Arna.

Du treng ikkje å ha erfaring frå før – det viktigaste er at du har lyst til å bidra. Ta kontakt for ein uforpliktende prat

Gje ei gåve?​

Ynskjer du å gje ei gåve til ungdomsarbeidet? UngTru blir mellom anna drive med støtte frå gjevarteneste, og du har moglegheit til å vere med og bidra.

Kvifor støtte UngTru?


Gåva di er med på å gje ungdom i Arna ein trygg og god møteplass der dei kan oppleve fellesskap, bli sett og få vere seg sjølve. Bidraga går til aktivitetar, mat, arrangement og andre tiltak som gjer at vi kan halde tilbodet lågterskel og tilgjengeleg for alle.

Små og store gåver betyr mykje – og er med på å skape gode opplevingar og eit inkluderande fellesskap for ungdom i Arna

Kontakt oss

Image (4)_edited_edited.jpg

Ungdomsarbeidar

Martin Bakke Slåttsveen

Maria 5_edited.jpg

Ungdomsdiakon

Maria Aasheim Grosås

© 2026 UngTru / Arna sokn

bottom of page