top of page

Ungdomsklubben Ung Tru

Ungdomsklubben UngTru er eit lågterskeltilbod for ungdom frå 8. klasse til 20 år. Hos oss blir det ulike aktivitetar, andakt og eit godt fellesskap – og sjølvsagt alltid gratis mat!

Hausten 2026 skjer det mykje kjekt! Vi får blant anna besøk av Fana Sparebank, arrangerer Halloween-fest, overnatting, julebord og mykje meir.

Medlemskap

kfukkfumlogo-farger - navn under.png

Bli medlem i UngTru

UngTru er medlem av KFUK-KFUM Norge. For kvart medlem får vi Frifond-støtte som går direkte tilbake til aktivitetar og tilbod for deg!

Som medlem får du mellom anna rabatt på merch, leirar og aktivitetar, og vi jobbar med fleire lokale medlemsfordelar.

Pris: 220 kr per kalenderår
Minstepris: 50 kr

Økonomi skal ikkje vere eit hinder – ta kontakt, så finn vi ei løysing.

Medlemskap er heilt frivillig, men dersom du bruker UngTru ofte og kjenner at dette er din plass, håpar vi du vil bli medlem!

Kontakt oss

Image (4)_edited_edited.jpg

Ungdomsarbeidar

Martin Bakke Slåttsveen

© 2026 UngTru / Arna sokn

bottom of page