Samarbeidspartnarar
UngTru er stolte av samarbeidspartnarane våre! Ønskjer di bedrift å bidra til eit trygt og godt ungdomsmiljø i Arna? Ta gjerne kontakt med oss!


Fana Sparebank
Tusen takk til Fana Sparebank!
Fana Sparebank har gitt UngTru 50 000 kroner i støtte! Denne støtta betyr mykje for oss, og er med på å gjere det mogleg for UngTru å tilby gratis aktivitetar, mat og mykje meir til ungdommane våre.
UngTru er ein gratis møteplass for ungdom i Arna og omegn, for ungdom mellom 13 og 20 år. Vi held ope rundt to laurdagar i månaden, og ønskjer å skape ein trygg, sosial og inkluderande møteplass for ungdom.
Laurdag 7. november får vi besøk av fleire dyktige rådgivarar frå Fana Sparebank! Då skal dei møte ungdommane våre og arrangere kjekke konkurransar og aktivitetar med fokus på økonomi.
Opplegget er utvikla av Fana Sparebank i samarbeid med ungdommar frå UngTru, slik at aktivitetane blir relevante, lærerike og ikkje minst kjekke!
Vi gler oss masse til denne dagen – og ikkje minst til å fortsetje det gode samarbeidet med Fana Sparebank!
Tusen takk for at de støttar UngTru og ungdommane i Arna og omegn

RedLocker
Første kyrkjelyd i Den norske kyrkja med RedLocker!
Vi i UngTru og Arna kyrkjelyd er stolte over å inngå eit samarbeid med RedLocker – og over å vere den første kyrkjelyden i Den norske kyrkja som tek i bruk RedLocker si løysing!
RedLocker arbeider for at gratis menstruasjonsprodukt skal vere lett tilgjengelege for alle som treng det. Dei meiner at bind og tampongar bør vere like sjølvsagde og tilgjengelege som andre nødvendige hygieneprodukt.
Vi meiner dette er eit enkelt og viktig tilbod å ha på plass.
Du finn RedLocker-dispenseren på kvinnetoalettet utanfor kyrkjekontoret i 1. etasje, der bind og tampongar er gratis tilgjengelege for dei som treng det.
Vi er stolte over å vere først ute i Den norske kyrkja, og håpar at fleire kyrkjelydar, organisasjonar og arbeidsplassar vil følgje etter


_edited_edited.jpg)